IKT er ein del av strategisk utvikling og digitalisering (SUD) i Vestland fylkeskommune. Seksjon IKT har ansvar for lokal drift av dei fleste IKT-systema i fylkeskommunen, samt infrastruktur som knyter saman alle lokasjonar. Det er i dag kring 150 ulike IKT-system. Seksjon IKT skal ta i vare alle IKT-systema og all IKT-infrastruktur, og sikre og bidra til at dette til ei kvar tid har riktig kapasitet, oppetid og teknisk sikring.

Kontakt
Ved Kvam vgs. finn du IKT kontoret i 3.etg.
Du kan kontakta oss på:
- Telefon: 56556606
- E-post: elevhjelp@vlfk.no