Onsdag 27. oktober 2021 vart 50-årsjubileet til dei store elevstreikane i 1971 markert på Kvam vgs. Streiken starta på gymnaset i Øystese. Etter kvart streika elevar frå 112 skular. I år var det ingen som streika. Saka vart markert med appellar frå Elevorganisasjonen, Oddny Miljeteig Utdanningsforbundet Vestland, Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Noregs Mållag spanderte kaker til markeringa. Streiken var viktig for å få læremiddel på nynorsk. Kampen for læremidlar på nynorsk er ikkje over. Når det kjem nye utgåver av lærebøker, blir nynorskbøkene stort sett utgitt ei stund etter bokmålsbøkene. På digitale plattformar er teksten ofte på bokmål.
50 år sidan skulestreiken for nynorskbøker
Omtale av saka på NOreg mållag sine nettsider
Aksjon for nynorske lærebøker
Aksjonen blir omtalt i boka Øystese statsrealskule og gymnas 50 år.