Hopp til hovedinnhold

Lyst å oppleva Katalonia?

Me inviterer elevar som har spansk i 2022-23 på studieførebuande (vg1 og vg2) til å søkje gjensidig utveksling med samarbeidsskulen vår i Spania. Kvam vidaregåande skule arrangerer utveksling med Instituto Manuel Blancafort, 08530 La Garriga, Katalonia, Spania. Utsett søknadsfrist er 5. desember 22 kl. 23.59.

Informasjon til elevar og føresette vg1 og vg2 studiespesialiserande med spansk

Mål

Betre språkferdigheiter i spansk og auka kulturkunnskap. Oppleve å bu i ei vertsfamilie med alt det bringer med seg.

Tidsrom

Opphaldet i Spania vert mest sannsynleg 26.3.-1.4.2023. Opphaldet for dei spanske elevane og lærarane her i Kvam vert ei veke i løpet av dei to første vekene i mai 2023. Veka i Spania er skuletid og det vert ikkje ført fagfråvær.

Tal elevar og lærarar

Inntil 10 elevar og 2 lærarar frå Kvam vidaregåande skule.

Innkvartering

Elevane bur heime hjå kvarandre. Føresette og eleven forpliktar seg til å ha ein elev frå Spania som gjest i ei veke. Overnatting og måltid til den spanske eleven vert å rekne som eigenandel.

Aktivitetar

Aktivitetar i Spania: Programmet er variert og inneheld m.a. spanskopplæring og aktivitetar på skulen, bli kjend i La Garriga, ulike utfluktar, dagstur til Barcelona og aktivitetar i vertsfamilien. Programmet i detalj vert fastlagt seinare i vinter.

Aktivitetar i Noreg: Vi legg opp til at dei spanske elevane deltek i ein del skuletimar, det vert dagsturar og tid i vertsfamilien. Det vert nokre felles aktivitetar på kveldstid. Kvam vgs. lagar ein fritidsplan i lag med elevane og dei føresette.

Kostnadar, helsetrygdekort og pass

  • Eleven må sjølv dekka lommepengar til diverse utlegg som t.d. mat undervegs. Elles er reise inkl. fly, det meste av inngangspengar og opphald dekka av skulen.
  • Forsikring: Skulen har reiseforsikring for elevane.
  • Helse: Ta med Europeisk Helsetrygdkort.
  • Pass: Sørg for at passet er gyldig lengre enn heimreisedatoen.