Hopp til hovedinnhold

Avslutningsfest og målpris

Avgangskullet vg3. studiespesialisering 2024

Måndag 17.06 var alle siste skuledagen for vg3-elevane ved Kvam vgs. Det vart markert med avslutningsfest og utdeling av Målprisen for 2024. Takk for tre fine år saman med dykk!

Astrid Aksnes, vinnar av målprisen

Målprisen 2024

Kvart år er me så heldige å få dela ut ein nynorskpris til ein av vg3-elevane våre. Målprisen vert gjeven til ein elev som utmerkjer seg med sikker rettskriving, god målkjensle og klår formuleringsevne. Me gratulerer Astrid Aksnes med målprisen 2024. Prisvinnaren får ei pengegåve på den nette sum av 2500.- frå Halldor O. Opedal sitt fond for ålmennyttige formål.