Hopp til hovedinnhold

Ny i vg1? Hugs å skaffa deg PC før skulestart

Datamaskin frå Dell

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du som er ny i vg1 har tilbodet om å kjøpa ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune. Datamaskina er eit nødvendig verktøy for deg så lenge du er elev ved ein vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune. Du vil bruke maskina både i undervisninga og til andre gjeremål. Du har sjølv ansvar for å stilla med berbar datamaskin til skulestart.

Bestilling av elev-PC

Som elev i Vestland fylkeskommune får du oppretta brukar i VLFK sitt nettverk. Du får tilgang til Microsoft Office 365, G-suite for Education og andre program som du treng i undervisninga så lenge maskina di bruker Microsoft Windows eller macOS som operativsystem. Skulen vil gje deg informasjon om korleis du lastar ned programvarene. Maskina må oppdaterast jamleg.

Brukarnamn og passord blir sendt på SMS rett før skulestart. Vi bruker mobilnummeret du registrerte då du søkte skuleplass.

Ver merksam på at det i enkelte utdanningsprogram (t.d. teknikk og industriell og elektrofag) kan vere ein fordel å ha kraftigare maskin eller eit anna operativsystem enn det standardmodellen har. Ta gjerne kontakt med skulen for å sjekka kva dei tilrår til ditt utdanningsprogram.

Atle Kjosås

  • Karriererettleiar
  • Avdelingsleiar for mekaniske fag, elektrofag, realfag og idrett og kroppsøving.

Atle Kjosås

avdelingsleiar
Atle.jpg