Hopp til hovedinnhold

Elevutveksling med Tyskland og Spania

St. Lorenzkirche i Nürnberg.

Kvart år arrangerer Kvam vidaregåande skule utveksling av elevar med Montessori Fachoberschule Franken i Nürnberg. Partnarskulen er ein vidaregåande skule med 120 elevar i alderen 16-23 år. For skuleåret 2021-2022 er programmet finansiert gjennom EU sitt utdanningsprogram Erasmus+. Me har òg oppretta eit samarbeid om språk- og kulturutveksling med ein skule i Spania.

Opphaldet i Tyskland

Har du lyst å bli med til Nürnberg i to veker i november/desember? Du kan søkja dersom du vel tysk som framandspråk eller om du går på vg2 helse- og oppvekstfag. Programmet vert tilpassa faga til dei som får reisa. Det vert mellom anna besøk i Montessori-grunnskulen, tysk- og engelskundervisning, ekskursjonar, bedriftsbesøk, utandørsaktivitetar og idrett.

Logo Erasmus+

Innkvartering

Elevane som deltek bur heime hos kvarandre. Det vil seia at dei elevane som reiser ut, tek imot ein elev som gjest i sin heim. Me prøver å velja ut elevar som kan bu heime hos kvarandre utifrå interesser og praksisplass i Kvam.

Praksisplassar

Me vil ta imot eit tilsvarande tal elevar frå Nürnberg og skaffa praksisplassar til dei i Kvam. Skulen og vertsfamiliane inviterer gjestene på velkomstmiddag og diverse aktivitetar undervegs i opphaldet. Bedrifter og institusjonar som stiller med praksisplassar, i tillegg til oss sjølve, er mellom andre Kvam ungdomsskule, Hardangerfjord hotel, Thon hotel Sandven, Kvam herad og Hardanger Fartøyvernsenter.

La Garriga ligg rett nord for Barcelona

Spania

Har du lyst å reisa til Spania? Me tilbyr ei veke med variert program i nærleiken av Barcelona. Du kan søkja om du vel spansk som framandspråk. Innkvartering vert hos vertsfamiliane til den spanske skulen. Dette er også ei gjensidig utveksling. Me tek imot ei gruppe spanske elevar i det same skuleåret.

Knut

Kontaktperson for elevutvekslinga gjennom Erasmus+

Knut Njaa

Kontaktlærar vg2 industriteknologi
Knut Njaa