Gode elev ved Kvam vidaregåande skule. På vegne av oss som arbeider ved skulen vil eg ønska deg velkommen og takka deg for at du valde Kvam vgs som din skule dette skuleåret.
Eit skuleår der det vil skje mykje spennande. Ikkje berre vil du oppleva god undervisning som både utfordrar og inspirerer, det vil og bli innflytting i delar av den nye skulen til vinteren. Me som jobbar her gler oss til den nye vidaregåande skulen står ferdig, men det er menneska som møtes som skapar ein god skule, anten bygningen er gamal eller ny.
Alle tilsette ved Kvam vidaregåande skule ønskjer å legga til rette for at du får gode læringsvilkår når du er elev ved skulen. Dette skjer best gjennom eit godt samarbeid mellom deg og oss. Derfor er samarbeid innanfor tydelege rammer, saman med inkludering og omsorg ei forventning både til oss som jobbar her, og du som er elev.
Yrkesfag og studiespesialisering
Kvam vidaregåande skule har både studiespesialiserande programfag og ulike yrkesfag. Det betyr at du på skulen vil møta medelevar som har valt andre fagområde og som har andre interesser enn deg sjølv. Likevel er me ein skule. Det er ikkje «oss og dei». Eg forventar at alle ved skulen møter kvarandre med eit ope blikk, eit «hei» og viser vennleg framferd. Snakk også litt med dei som har andre programfag enn deg sjølv, du vil heilt sikkert læra noko du kan få bruk for.
Skulen har eit godt samarbeid med lokalt og regionalt arbeidsliv. Går du på yrkesfaglege programfag, skal me jobbe for at du skal få ei tidsriktig opplæring, lærerik praksis og lærlingkontrakt når du er ferdig med skulegangen. Noreg har bruk for dyktige fagarbeidarar, gjennom opplæringa ved Kvam vgs og læretid i arbeidslivet kan du bli ein av desse.
Er du elev innan studiespesialiserande fag, skal me arbeida for at du skal få eit godt grunnlag for å lukkast med vidare utdanning på høgskule eller universitet. Ved Kvam vidaregåande skule skal du få moglegheita til å læra og utvikla deg slik at du er klar til å møta eit samfunn og verd i stadig endring.
Internasjonalisering
Hjarta ligg i Hardanger, men Kvam vidaregåande skule er også i høgste grad open for verda. Skulen har mange moglegheiter for deg som likar å oppleva andre land. Elevar frå heile Vestland som går studiespesialiserande, kan med oss ta VG2 i USA, men det er også mogeleg med kortare utvekslingsturar i Europa. Kvam vgs. har samarbeid med skular i Spania og Tyskland. Gjennom dette samarbeidet kan elevar både på studiespesialiserande og yrkesfag få moglegheit til internasjonale erfaringar gjennom skulegangen ved Kvam vgs.
Eit godt skulemiljø
I opplæringslova §12-2 står det at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.
For at me saman skal få til dette har eg ei klar forventing om at alle ved skulen bryr seg.
Bry deg om andre. Me lærer best når me har det bra saman. Inkluder alle, del det du kan og lytt til det andre deler. På fritida kan du velja kven du vil henga med, på skulen får du ikkje velja, der skal du respektera alle, behandla alle skikkeleg og kunna arbeida saman med alle.
Bry deg om di eiga læring, ver engasjert, delta aktivt, ha god dialog med lærarane, møt opp til rett tid med rett utstyr, og ikkje la noko forstyrra deg i læringsøktene. Det er dumt å kasta vekk verdifull tid på det som ikkje fremjar læring. Dette gjeld til dømes telefonbruk. Fram til eventuell ny regel er på plass er det dette som gjeld: I timane skal telefonar ikkje sjåast eller høyrast med mindre læraren har gitt deg lov til å bruka telefonen som eit verktøy.
Bry deg om skulebygg og utstyr. Tar me vare på ting og held orden rundt oss får me eit godt fysisk miljø, og det blir meir pengar å bruka på kjekke aktivitetar saman både for læring og det sosiale.
Rett til medverknad og plikt til deltaking
Du som er elev i vidaregåande skule har rett til medverknad i alt som gjeld deg sjølv. Skulen skal sørgja for at elevane får vera med å planleggja, gjennomføra og vurdera det som skjer på skulen, både opplæringa og arbeid med skulemiljøet. Det er derfor viktig at du engasjerer deg og deltar aktivt når dei som arbeider ved skulen inviterer deg til å medverka. Medverknad betyr at meiningane dine skal bli lytta til, men det betyr likevel ikkje at du alltid får det som du vil. Det er dei som arbeider ved skulen som ut i frå sitt profesjonelle skjønn tar avgjersler som dei meiner er best for elevane og skulen som heilskap. Bruk også elevrådet til å ta opp saker du er opptatt av. Eit raust og godt sosialt miljø der du opplever at du kan vera deg sjølv og bli høyrt, gir godt grunnlag for fagleg og personleg utvikling.
Når du er elev i vidaregåande skule har du også plikter. Opplæringslova seier at elevane skal vere aktivt med i opplæringa og følgje skulereglane. Eg forventar derfor at du set deg inn skulereglane som gjeld i Vestland og prøver å følgja desse. Skulereglar i Vestland
Viss me alle medverkar og deltek i tråd med reglane som gjeld, vil me saman skapa læringsglede og eit godt skulemiljø der me alle vil kvarandre vel.
Lykke til med skuleåret!
Arild Matland
Rektor