Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Forsåk på kjemisalen

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Bli elev hos oss!

Me er ein liten skule med godt miljø. "Alle veit kven alle er".
I følgje elevundersøkingar som er gjort, så trivst elevane godt. Me har lite fråvær og få elevar som sluttar. Lærarane har mykje erfaring. Fagleg fokus er i sentrum.
Innan idrett, så er me blant dei beste skulane i volleyball. 

Informasjon om fag

 

Vg1 programfag

Obligatoriske fag

  • Engelsk
  • Samfunnsfag
  • Kroppsøving
  • Norsk
  • Geografi
  • Naturfag
  • Matematikk: Praktisk (1P) eller teoretisk matematikk (1T)
  • Språk: spansk eller tysk

Valfrie programfag

  • Toppidrett eller breiddeidrett 
FAG OG TIMETAL
Fag Timetal vg1 Timetal vg2 Timetal vg3
Norsk 4 4 6
Engelsk 5 0 0
Samfunnsfag 3 0 0
Historie 0 2 4
Naturfag 5 0 0
Geografi 2 0 0
Matematikk 5 3 0
2.framandspråk 4 4 0
Religion og etikk 0 0 3
Kroppsøving 2 2 2
Programfag 0 15 15
Sum timetal per veke 30 30 30


Læreplanar studiespesialisering Vg1

Elevutveksling

Elevutveksling

i 2015 reiste fem elevar og ein lærar til Nürnberg. Elevane var i Tyskland i to veker. Dette var starten på eit utvekslingssamarbeid. Me har elevutveksling med ein tysk og ein spansk skule. Elevane bur hos vertsfamiliar. Seinare kjem elevane dei budde hos på eit tilsvarande opphald i Norge, der dei bur heime hos den eleven som vitja dei i Tyskland.

Vg2 Programfag

Obligatoriske fag
  • Norsk
  • Historie
  • Matematikk: 2P, S1 eller R1
  • Språk: spansk eller tysk

Programfag

Du må velja tre programfag. Dersom det er praktisk mogeleg kan du velja fleire fag.
Du må ha to av faga i både vg2 og vg3. 

Valmoglegheiter
  • Realfag: Informasjonsteknologi, biologi, fysikk og kjemi
  • Rettslære, sosiologi og psykologi
  • Språk: Engelsk, tysk og spansk
  • Valfrie programfag: Toppidrett eller breiddeidrett eller musikk
St. Paul's Lutheran High School, Concordi, Missouri, USA

Ønskjer du å ta vg2 i USA?

Då kan eit år i Missouri i USA, vera noko for deg. Samarbeidsskulen vår er St. Paul's Lutheran High School. Elevar frå heile fylket kan søkja om skuleplass. Me arrangerer tur til USA der føresette, vennar og kjente kan vitja klassen og vera turistar i USA. 

Vg3 programfag

I løpet av tre år, skal alle ha 90 timar med fellesfag og programfag. 
Norsk, historie, kroppsøving og religion og etikk er fellesfag i vg3.

I løpet av vg2 og Vg3 må du fortsetja med to av programfaga du hadde i Vg2.  
Hadde du fire programfag i Vg2, kan du ha to programfag i Vg3.
Du kan sjølvsagt ta fleire enn seks programfag om du ønskjer det.
På vg3 kan du velja følgjande programfag:

  • Realfag: Informasjonsteknolog, biologi, fysikk, kjemi og matematikk (R2 eller S2)
  • Rettslære, sosialkunnskap og psykologi
  • Språk: Engelsk, tysk og spansk
  • Valfrie programfag: Toppidrett, breiddeidrett eller musikk
På tur til Eidfjord

Fagdagar

Kvar fredag er det fagdag. Då har du eitt fag ein heil dag. Nokre fredagar reiser gruppa på tur, andre blir nytta til undervinsing på skulen og prøvar. Alle klassar og utdanningtilbod har fagdagar. 

Studie av gamle maskiner

Har du bestemt deg for kva du vil bli?

utdanning.no finn du mykje informasjon om høgare utdanning. Du kan til dømes prøva Jobbkompasset for å finna yrker innan fagområder du er interessert i. Kanskje finn du eit yrke du aldri har høyrd om før?
I karakterkalkulatoren kan du rekna ut kor mange poeng du har.

Søknad om høgare utdanning skal sendast via samordna opptak.
Ta kontakt med rådgjevar dersom du ønskjer hjelp og tips.