Hopp til hovedinnhold

Møte mellom heim og skule

Elevar på stranda

Me ønskjer å ha eit nært og godt samarbeid med foreldre og føresette. I forskrift til opplæringslova er det fastsett at både offentlege og private vidaregåande skular skal halda kontakt med foreldra til umyndige elever gjennom heile opplæringsåret.

Rettar

Foreldre og føresette skal få informasjon om rettar etter opplæringslova og forskrift til opplæringslova. Slik informasjon kan for eksempel delast på foreldremøte eller på skulen si heimeside.

Oppstartssamtale for vg1

Elevar og føresette blir invitert til startssamtale før skulestart. På møta informere me om skulen, innhaldet i opplæringa, reglar, rutinar og føresette sin rett til medverknad.

  • Informasjon om rettar
  • Varsel om eleven sitt fråvær
  • Anna informasjon om eleven
  • Informasjonsmøte ved starten av skuleåret
  • Utlån av lærebøker

Foreldremøte og foreldresamtalar

Det vert halde to foreldremøte på vg1 og eitt på vg2. Etter møta kan dei som ønskjer det melda seg på til samtalar med kontaktlærar eller faglærarar. Ta gjerne kontakt elles i året òg, om det er behov for det. Me tek òg kontakt om det er noko me ønskjer å ta opp. Me ønskjer ein open dialog mellom heim og skule for å sikra at elevane får ein best mogeleg skulekvardag. 

Varsel om eleven sitt fråvær

Føresette skal få munnleg eller skriftleg varsel om eleven sitt fråvær. Varselet skal vera skriftleg dersom det er fare for at eleven kan få nedsett karakter i orden og åtferd eller dersom eleven ikkje kan få vurdering med karakter i eitt eller fleire fag. Slike varsel skal bli gitt så tidleg at føresette har mogelegheit til å gripa inn i situasjonen.

Myndige elevar

Når eleven har fylt 18 år, fell skulen si plikt til å informera foreldra vekk. Myndige elevar kan om ønskjeleg samtykkja i at skulen fortset å informera foreldra, på alle eller avgrensa område.

Visma inSchool 

Vestland fylkeskommune bruker Visma InSchool (VIS) som sitt skuleadministrative system. I Visma inSchool finn de informasjon om timeplanar, klassar og grupper og annan historikk. 

Informasjonsside om Visa InSchool

Its learning

I skulekvardagen nyttar elevane læringsplattforma Its Learning. Her finn dei informasjon om fag, skulekvardag, kan senda meldingar og levera inn oppgåver. Det er opp til eleven om dei føresette skal få tilgang til denne informasjonen, sidan det ikkje blir blir delt ut eigne brukarnamn og passord til føresette.

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko.

Rektor

Rektor har kontor i 2. etasje i lokala i Øystese. 

Arild Matland

rektor
Arild Matland

Atle Kjosås

  • Karriererettleiar
  • Avdelingsleiar for mekaniske fag, elektrofag, realfag og idrett og kroppsøving.

Atle Kjosås

avdelingsleiar
Atle Kjosås

Samson Håland

Assisterande rektor

Avdelingsleiar for

  • samfunns - og språkfag
  • helsefag og ht-avdelinga
  • transport og logistikk

 

 

Samson Håland

ass. rektor
Samson.haaland.jpg