Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Trening på pleie av pasientar

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Tilbodet vårt

  • Vg1 helse- og oppvekstfag
  • Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Vg2 helsearbeidarfag 
DSC05028.JPG

YFF - yrkesfagleg fordjuping

I faget yrkesfagleg fordjuping er elevane i praksis i bedrift. 

  • Vg1: Praksisdag ein dag i veka
  • Vg2: 7 veker i praksis (Haust:  4 veker, vår: 3 år)

Bli elev hos oss!

Vg1 helse og oppvekst 

Helse- og oppvekstfag er eit utdanningsprogram som passar for deg som ønskjer å arbeida med menneske, har evne og vilje til samarbeid, samtidig som du kan ta avgjerder på eiga hand. Eigne haldningar, kunnskapar om helsefremjande arbeid, livsstilssjukdommar, arbeidsmiljø og kulturforskjellar er viktig. Det blir også stilt krav til heilskapleg tenking og tverrfagleg samarbeid. Fleire yrke krev politiattest.

Helse og livsstil

Kjerneelementet helse og livsstil handlar om å fremje fysisk og psykisk helse. Det inneber å vite korleis ein som yrkesutøvar kan bidra til å fremje ein aktiv og sunn livsstil. I det inngår verdien av eit sunt kosthald og fysisk aktivitet og av å førebyggje livsstilssjukdommar og hindre smitte. Kjerneelementet handlar vidare om korleis kroppen er bygd opp og fungerer, med utgangspunkt i det friske mennesket. Ergonomi, førstehjelp og systematisk observasjon inngår også i kjerneelementet.

Omsorg, relasjonar og tverrfagleg samarbeid

Kjerneelementet omsorg, relasjonar og tverrfagleg samarbeid handlar om å vise omsorg og om å kommunisere og samhandla med menneske i ulike aldrar og livssituasjonar og med ulik kulturell bakgrunn. Brukarmedverknad og service står sentralt. Vidare handlar det om å reflektere over kva eiga åtferd har å seie i møte med andre menneske. Det handlar også om kunnskap om korleis helse- og oppvekstsektoren er bygd opp, og om verdien av tverrfagleg samarbeid.

Etikk og teknologi

Kjerneelementet etikk og teknologi handlar om å møte menneske i ulike livssituasjonar med toleranse og respekt. Det handlar òg om å ta i bruk hjelpemiddel, velferdsteknologi og annan teknologi, og om å følgje etiske retningslinjer i yrkesutøvinga. Det handlar vidare om profesjonell yrkesutøving og om relevant lov- og regelverk.YFF - Yrkesfagleg fordjuping

Les meir om Helse- og oppvekstfag på vilbli.no

Læreplan i vg1 helse- og oppvekstfag (HSF01-03)

Vg2 helsearbeidarfag

Fellesfag:

  • Norsk
  • Samfunnsfag
  • Gym

Programfag: 

  • Helsefremjande arbeid
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Yrkesutøving
  • Yrkesfagleg fordjuping

Helsearbeidarfaget skal medverka til å dekkja behovet for kompetente helsefagarbeidarar som kan møte pasientar, brukarar og pårørande på ein profesjonell måte, og bidra til at samfunnet sitt behov for helse- og omsorgstenester blir ivaretatt både i kommunal helse- og sosialtenesta og i spesialisthelsetenesta.

Programfaga skal bidra til å utdanne helsefagarbeidarar som samarbeida med andre yrkesgruppe, fremjar trivsel, fysisk og psykisk helse og tek vare på brukarmedverknad og pasientrettighetar. Gjennom helsefremjande arbeid skal helsefagarbeidaren førebyggja isolasjon og leggja til rette for eit meir aktivt liv.

I faget yrkesfagleg fordjuping er elevane ute i praksis.

Læreplan i vg2 helsearbeiderfag (HEA02‑04)

Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag

(Ikkje søkbart skuleåret 2022/2023)

På barne- og ungdomsarbeiderfaget får du lære korleis du kan bli ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar. Du vil lære om kva som skal til for å stimulera born og gje dei den tryggleik dei treng. Undervisninga er både praktisk og teoretisk.

I faget yrkesfagleg fordjupning er elevane i praksis i barnehage, skule eller skulefritidsordning.  

Læreplan i vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag (BUA02‑03)

Elevutveksling

Elevutveksling

i 2015 reiste fem elevar og ein lærar til Nürnberg. Elevane var i Tyskland i to veker. Dette var starten på eit utvekslingssamarbeid. Me har elevutveksling med ein tysk og ein spansk skule. Elevane bur hos vertsfamiliar. Seinare kjem elevane dei budde hos på eit tilsvarande opphald i Norge, der dei bur heime hos den eleven som vitja dei i Tyskland.

Juleverkstad

Samarbeid med Kvam herad

«Leve hele livet" er namnet på stortingsmelding nr 15, (2017-2018) som kommunane skal setja ut i livet. Alle eldre skal ha eit tilbod om aktivitet. Kvam vidaregåande skule har eit samarbeid med Kvam Herad om aktivitetar på Mikkjelsflaten omsorgssenter og Tolo omsorg.

Hjelpemiddel i helsevesenet

Vegen vidare

På yrkesfag er det normalløp med 2 år i skule og 2 år i lære. I løpet av vg1 og vg2 blir du godt kjente med fleire av arbeidsplassane i lolkalmiljøet som tilbyr læreplassar.

Dersom du ønskjer å studera på høgskule eller universitet, må du først ta påbygg til generell studiekompetanse.