Hopp til hovedinnhold

Saman om aktivitetar

Den 29.11.2022 hadde ein juleverkstad og julekakebaking på dei to nemnte stadane

«Leve hele livet" er namnet på stortingsmelding nr 15, (2017-2018) som kommunane skal setja ut i livet. Alle eldre skal ha eit tilbod om aktivitet. Kvam vidaregåande skule har eit samarbeid med Kvam Herad om aktivitetar på Mikkjelsflaten omsorgssenter og Tolo omsorg.

Baking

Samarbeid med Kvam herad

Samarbeidsprosjektet starta opp for to år sidan. Det er vg1 helse- og oppvekstfag og vg2 helsearbeidarfag som er ansvarlege for opplegga ved omsorgsbustadane. Me er på besøk til bebuarane 6-8 gonger i løpet av eit skuleår. Elevane planlegg, utfører og evaluerer den aktiviteten dei har gjennomført.

Aktivitetar dei har hatt er baking, basar, turar til stranda, kafé, fiske og grilling i Fitjadalen, gardsbesøk med meir. Ungdommane og dei eldre kosar seg saman.