Hopp til hovedinnhold

Tilrettelagt opplæring

Vedlikehald av bilar

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Tilrettelegging

Ønskjer du å gå i ordinær klasse, men treng litt ekstra tilrettelegging for å meistra faga? Er du føresett for ein elev som treng mykje tilrettelegging? Ta kontakt med oss, så kan me saman planleggja kva som kan vera ei god løysing for dykk. 

Arbeids- og kvardagslivstrening

I arbeidstrening legg me særleg vekt på å førebu eleven til eit varig tilrettelagt eller ordinært arbeid etter vidaregåande skule. I kvardagslivstrening vert det lagt særleg vekt på opplæring i basiskunnskap innan aktivitetar i dagleglivet. 

Kvar elev i desse gruppene har ulike behov og vil få undervisning tilpassa dette. Opplæringa er knytt til eit av skulen sine opplæringsprogram. Nokre elevar kan med støtte delta i ordinær klasseundervisning i enkelte fag. Arbeidspraksis i verna bedrift eller tilrettelagt arbeidsplass vert vurdert etter behov og nytte.

Innhald i undervisninga:

  • Skreddarsydd opplegg til kvar elev. Me avdekker ressursar og potensiale hos den einskilde elev. Det blir utarbeida individuelle opplegg i undervisningsfaga.
  • Gode opplevingar! Turar, opplevingar og erfaringar også utanfor skuleområdet. 
  • Fysisk aktivitet. Skulen har eige treningsrom, nyttar Øystesehallen og eigen sal.
  • Friluftsliv. Turar i variert natur. 
  • Tett oppfølging. Tett oppfølging både på skulen, i arbeidspraksis og ved overgang frå ungdomsskule til vidaregåande, og ved overgang frå vidaregåande til nytt tilbod.
  • Kjøkken/Kantinedrift: Arbeid- og kvardagsliv kan vera med å laga maten i kantina. Å læra seg å laga mat er ein viktig del av undervisninga ved skulen.
  • Fagdagar. På fagdagar jobbar ein med eit tema heile dagen. På fagdagane nyttar me ofte naturen som klasserom eller reiser på ekskursjonar. 

Praksis i bedrifter

Elevane kan få praksisplassar i tilrettelagde og ordinære bedrifter. Det er viktig med tett oppfølging av kvar elev for å finne rett arbeid til den enkelte, og for å sikre ein god og gradvis overgang frå skule til arbeid. Skulen samarbeider med ei fleire lokale verksemder. Hovudsamarbeidspartnaren vår er Hardanger AKS (Storholmen), ei vekst og attføringsbedrift som blant anna driv vaskeri, matservering, lagar treprodukt og leverer frukt.

Arbeidstrening

Arbeidstrening er eit tilrettelagt undervisningstilbod til elevar som treng ekstra oppfølging i skulekvardagen. Dette skuletilbodet er for deg som treng alternativ læreplan i eit, fleire eller alle fag. I tillegg til undervisning i fag, får du høve til å førebu deg på arbeidslivet, både teoretisk og praktisk gjennom arbeidsutplassering. Du får tett oppfølging og kan få tilpassa undervisning i alle fag. Det er også mogleg å følgja undervising i eit eller fleire fag i ordinær klasse. 

Kvardagslivstrening

Kvardagslivstrening er eit skuletilbod til elevar som har trong for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod. Dette skuletilbodet er til elevar med omfattande hjelpebehov. Målet med opplæringa er å førebu eleven på eit liv etter skulen, og elevane vil trene på å verte mest mogleg sjølvhjelpne og sjølvstendige i eige liv.

Ekstra skuleår

Det kan væra ein stor overgang å bu for seg sjølv og å byrja i ein fast jobb. Nokre elevar på tilrettelagt opplæring kan ha behov for ekstra tid til å fullføra måla i individuell opplæringsplan (IOP). Det er mogeleg å søkja om ekstra skuleår i vidaregåande opplæring. 

Dette er viktig hos oss:

  • Vennskap og sosial kompetanse
  • Livskvalitet
  • Meistring
  • Sjølvstende
Vennskap, utsikt utover fjorden

Søknad

Elevar som ønskjer plass med tilrettelagd undervisning, må søkja på særskild grunnlag. Ordninga krev at eleven har enkeltvedtak om spesialundervisning. Søknadsfristen er 1. februar. Rådgjevar på ungdomsskulen hjelper deg med innsøkingsprosessen om du går i 10. klasse no.