Miljøkoordinatoren er ein viktig del av arbeidet med å skapa eit trygt, inkluderande og godt skulemiljø. Gjennom førebyggjande, kontaktskapande og sosialpedagogisk arbeid bidreg miljøkoordinatoren til trivsel og fellesskap i skulekvardagen.
Karina er miljøkoordinator ved Kvam vgs og har kontor i 2. etasje, rom 236 i Øystese. Ho har ansvar for mange av aktivitetane som skjer på skulen, og døra hennar står alltid open. Her er det rom for ein god samtale – eller berre ein pust i bakken i ein komfortabel stol.
Karina er særleg oppteken av trivsel og førebyggjande arbeid, og du vil ofte treffa henne ute i skulemiljøet – der det skjer. Ho er til stades for deg som kanskje har ein vanskeleg dag, kjenner deg litt aleine, er uroa for ein ven, eller berre lurer på kven du skal snakke med.
Ikkje nøl med å ta kontakt. Miljøkoordinatoren kan lytte, støtte – og hjelpe deg vidare til rette instans viss det trengst. Ingen spørsmål er for små, og alle elevar er velkomne.