Hopp til hovedinnhold

Historia vår

Gamle bilete av skulane

Historia til skulen vår starta i 1949. Det året vart både Øystese statsrealskule og Norheimsund vidaregåande skule stifta. I 2017 vart skulane slått saman til ein skule med namnet Kvam vidaregåande skule. I 2026 kunne me endeleg samla alle elevar og tilsette i nybygde lokale sentralt i Norheimsund.

Kvam vidaregåande skule

Frå 1. januar 2017 vart Øystese gymnas og Norheimsund vidaregåande skule samla i éin organisasjon under namnet Kvam vidaregåande skule. Sjølv om skulane framleis var lokaliserte på kvar sine stader, vart dei drivne som éin skule med felles leiing og administrasjon.

Den nye skulen stod ferdig i januar 2026. Då vart alle elevar og tilsette samla under eitt tak i moderne og framtidsretta skulebygg. Samanslåinga markerte eit nytt kapittel i historia til Kvam vidaregåande skule og la grunnlaget for eit sterkare fagleg og sosialt fellesskap.

Kvam vidaregåande skule og kulturhus er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Kvam herad. I tillegg til vidaregåande skule, finn du folkebiblioteket, kinoen og vaksenopplæringa til kommunen i huset.

Norheimsund vidaregåande skule 

Norheimsund vidaregåande skule ligg på austsida av Steinsdalen, like ved Steinsdalsfossen. Området der skulen står i dag var tidlegare beitemark og husa mellom anna ein teknisk tyskarleir under andre verdskrigen. Då skulen vart etablert i 1948 som heimeyrkesskule, tok ein i bruk brakker som tyskarane hadde bygd under krigen. Året etter vart skulen omgjord til yrkesskule, før han fekk status som vidaregåande skule i 1997.

I dei første åra tilbydde skulen opplæring innan mekaniske fag og bygningsfag. Med dei sterke tradisjonane for trebåtbygging i Hardanger vart det i 1979 oppretta ei eiga trebåtbyggjarlinje i Jondal. Linja vart driven fram til 2003, då ho vart lagd ned på grunn av manglande rekruttering.

Gjennom åra har skulen utvikla seg i takt med behova i samfunnet og arbeidslivet. Nye utdanningstilbod har kome til, medan andre har vorte avvikla. Mellom anna har skulen etablert tilbod innan elektrofag og helse- og sosialfag, og i ein periode hadde skulen òg formgjevingsfag.

Eit viktig kapittel i skulen si historie tok slutt i 2017 då byggfagtilbodet vart lagt ned etter mange år. Samstundes har nye moglegheiter vakse fram. Hausten 2022 starta skulen opp eit nytt utdanningstilbod innan transport og logistikk, som eit ledd i den kontinuerlege utviklinga av fagtilboda ved skulen.

Øystese statsrealskule

Ordførar Olav L. Skeie jobba hardt for å få ein statsrealskule i Kvam. I 1949 avgjorde Kyrkje- og undervisnings departementet at Kvam herad fekk oppretta ein statsrealskule. Statsrealskulane skulle gje evnerik bygdeungdom gode vilkår for vidare utdanning og vera små kultursentre i bygdene dei blei lagt til. Kvam herad kjøpte ei tyskarbrakke og bygde på ei høgd. I desse provisoriske lokala starta 33 elevera opp hausten 1949. Elevane blei tekne inn etter opptakingsprøvar som gjekk over 3-4 dagar. Ivar M. Iversen fungerte som skulen sin første rektor før Ludvig Holmaas tok over hausten 1950. Holmaas var rektor heilt til 1974. I 1972 blei dei siste statsrealskulelevane uteksaminert. 

Aksjon for læremiddel på nynorsk

50 år sidan streiken for lærebøker på nynorsk

Onsdag 27. oktober vart  50-årsjubileet til dei store elevstreikane i 1971 markert på Kvam vgs. Streiken starta på gymnaset i Øystese. Etter kvart streika elevar frå 112 skular.

Øystese gymnas

I 1960 blei dei første gymnaselevane tekne opp. Gymnaset blei først administrert under statsrealskulen. I 1965 overdrog departementet eigedommane frå Statsrealskulen til Hordaland fylke, mot at Hordaland fylke bygde ut gymnaset i Øystese. Etter ti år med gymnaselevar, fekk skulen status som fylkesgymnas. Tida som statsrealskule var over. 

 

St. Pau`s Lutheran High School

Ein klasse i USA

Hausten 1998 reiste første gruppa med elevar over Atlanterhavet. Samarbeidskulen vår, St. Paul’s Lutheran High School er ein internatskule med om lag 200 elevar. Skulen ligg i byen Concordia i staten Missouri, sør-vest frå Chicago. Det er ein kristen skule med tradisjonar tilbake til 1883. Elevgruppa er sett saman av lokale studentar og utvekslingsstudentar frå ei rekkje land. 

Bøker om Øystese statsrealskule og gymnas