Hugs å søkje om skuleskyss før skulestart. Elevane kan reisa gratis til skulen første skuledag.
Skyss til skulen
Hjå Skyss finn du informasjon om kollektivtransporten og om du har rett på gratis skuleskyss. Alle elevar i Vestland med meir enn 6 km til skulen har rett til gratis skuleskyss. For dei som ikkje har rett til skuleskyss, les om ungdomsbillett hjå Skyss.
Skuleskyssbilletten på mobilen!
Elevar som berre treng buss og bur utanfor ungdomsbillettområdet, kan søkje om skuleskyss sjølv via sjølvbetjeningsportalen på www.skuleskyss.vlfk.no og logge inn som ELEV.
Skulen må søkje for elevar som bur innanfor ungdomsbillettområdet (over 21 år og for gammal til å kjøpe ungdomsbillett), medisinske søknader, eller elevar som manglar kollektivtilbod.
Elevar kan sjølv sjekke om dei bur innanfor/utanfor ungdomsbillettområdet her: https://skuleskyss.vlfk.no/kart
- Kryss av for at du ønskjer å få billetten på mobil i søknaden om skuleskyss og oppgje telefonnummeret ditt. Kryss også av om du treng å nytte tog eller båt.
- Sørg for å ha lasta ned Skyss billett-appen på telefonen din.
- Ver logga inn i appen med samme telefonnummer som du oppgjer i søknaden.
- Når du har registrert at du ønskjer skuleskyssbillett på mobil og søknaden er godkjent, vil billetten dukke opp under “mine billetter” i appen på alle skuledagar.
- Reis som vanleg til og frå skulen, og vis fram skuleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søkje opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.
Det vert sendt ut to billettar kvar dag. Éin frå heim til skule / praksisplass som kan nyttas i tidsrommet frå kl.06:00 - 12:00 og éin frå skule/praksisplass til heim som kan nyttas i tidsrommet kl.12:00 - 22:00.
Skulebussen går:
- Kjepso: kl. 07.15
- Øystese: kl. 07:43
- Norheimsund: kl. 07:55
- Mundheim: kl. 06.55
- Tørvikbygd kl. 07.40
- Arna: 06:55
Rådgjevar
Administrasjonen
Kontoret finn du i 2. etasje i lokala våre i Øystese.
Nina Sandven
rådgjevar administrasjon