Hopp til hovedinnhold

Skulestart skuleåret 23/24

Skulestart 2021

Me gler oss til å treffa dykk! Vg1-elevar med føresette blir inviterte til startsamtalar onsdag 16. august. Første skuledag er torsdag 17. august, med oppmøte i Øystese. Hugs å skaffa deg PC og signera låneavtalen for lærebøker. Føresette må signera avtalar for elevar under 18 år.

Velkomne til eit nytt skuleår!

Første skuledag møter de ute i atriet i Øystese. 

  • kl. 9: vg2 og vg3
  • kl. 10 vg1

Startsamtalar

Vg1-elevar vil få tilsendt SMS med invitasjon til startsamtalar. De møter kontaktlærar eller ein faglærar. Me er interesserte i kva forventningar de har til skuleåret. De vil få ein del praktisk informasjon frå oss. Signer gjerne avtalane på førehand. De kan òg få papirversjonen av avtalen "Betaling for ytingar" på skulen. 

Signering av avtalar

Visma-logo

Visma

Elevar og føresette for elevar under 18 år finn informasjon i Visma in School. Ein kan logga på via nettside eller app.

Når informasjnen er klar får du som elev tilgang til timeplanen din, kva klasse du høyrer til i, fråvær, merknadar, vurderingar og karakterar.

Informasjon

Du finn nyttig informasjon på skulen og fylkeskommunen sine heimesider.

Undervisningsøkter

  • 1: 08:15-09:25
  • 2: 09:35-10:45
  • 3: 10:50-12:00
  • Matpause: 12:00-12:25
  • 4*: 12:25-3:35
  • 5: 13:40-14:50

* Onsdagar:

  • Klassens time 12:25-13:00
  • 4: 13:00-14:10
Historiebøker

Digitale skjema

Vestland fylkeskommune nyttar digitale samtykkjeskjema. Dokumenta legg seg i den digitale elevmappa di.

Me blir glade om du vil godkjenna at me kan publisera bilete der du er med: Godkjenning av bruk av bilete.

Du må signera digital lånekontrakt for å få låna lærebøker og anna utstyr som skulen har til utlån. Dersom du er under 18 år, må føresette også signera kontrakten. Signeringa gjeld for eitt skuleår om gongen, så alle elevar skal signera ny kontrakt ved skulestart.

 

Ta kontakt om du lurer på noko!