Open for verda, med hjarta i Hardanger. Utvekslingsprogram, skuleturar, Vg2 studiespesialiserande i USA. Verda stoppar ikkje med dørstokken vår, sjølv om koronapandemien har stogga mykje av reiseplanane våre. Gjennom åra hos oss, kan elevane få tilbod om utlandsreiser alt etter kva utdanningstilbod dei vel. Samfunnsfagleg engelsk har til dømes reist på studietur til London i Vg3 for å praktisera engelsk på ordentleg.

St. Paul's Lutheran High School, Concordi, Missouri, USA
Kan du tenkja deg å ta Vg2 studiespesialisering i utlandet? Då kan eit år i Missouri i USA, vera noko for deg. Hausten 1998 reiste første gruppa med elevar over Atlanterhavet til St. Paul Lutheran High School.
Skulen arrangerer tur til USA der føresette, vennar og kjente kan vitja klassen og vera turistar i USA. Ein lærar frå skulen er med som guide.

Elevar i Nürnberg
I 2015 reiste fem elevar og ein lærar til Nürnberg. Elevane var i Tyskland i to veker. Dette var starten på eit utvekslingssamarbeid. Elevane bur hos vertsfamiliar. Seinare kjem elevane dei budde hos på eit tilsvarande opphald i Norge, der dei bur heime hos den eleven som vitja dei i Tyskland.

Samarbeid med spansk skule
Kvam vidaregåande skule arrangerer utveksling med Instituto Manuel Blancafort, 08530 La Garriga, Katalonia, Spania.
Me inviterer elevar som har spansk i 2022-23 på studieførebuande (vg1 og vg2) til å søkje gjensidig utveksling med samarbeidsskulen vår i Spania.
Elevane bur heime hjå kvarandre. Føresette og eleven forpliktar seg til å ha ein elev frå Spania som gjest i ei veke. Overnatting og måltid til den spanske eleven vert å rekne som eigendel.