I år arrangerer Kvam vidaregåande skule utveksling av elevar ved IES José Rodrigo Botet, Manises, som ligg i Valencia.
Opphaldet i Spania
Har du lyst å reisa til Spania? Me tilbyr ei veke med variert program i Valencia. Skulen me samarbeider med der heiter IES José Rodrigo Botet. Du kan søkja om du vel spansk som framandspråk.
Vertsfamiliar
Elevane som deltek bur heime hos kvarandre. Det vil seia at dei elevane som reiser ut, tek imot ein elev som gjest i sin heim. Du som får reisa bur heime hos ein vertsfamilie i Valencia.
Aktivitetar
Aktivitetar i Spania: Programmet er variert og inneheld m.a. spanskopplæring og aktivitetar på skulen, bli kjend i Valencia, ulike utfluktar og aktivitetar i vertsfamilien. Programmet i detalj vert fastlagt seinare i vinter.
Aktivitetar i Noreg: Vi legg opp til at dei spanske elevane deltek i ein del skuletimar, det vert dagsturar og tid i vertsfamilien. Det vert nokre felles aktivitetar på kveldstid. Kvam vgs. lagar ein fritidsplan i lag med elevane og dei føresette.
Kostnadar, helsetrygdekort og pass
- Eleven må sjølv dekka lommepengar til diverse utlegg som t.d. mat undervegs. Elles er reise inkl. fly, det meste av inngangspengar og opphald dekka av skulen.
- Forsikring: Skulen har reiseforsikring for elevane.
- Helse: Ta med Europeisk Helsetrygdkort.
- Pass: Sørg for at passet er gyldig lengre enn heimreisedatoen.
Korleis delta
Knut Njaa
Kontaktperson for elevutvekslinga gjennom Erasmus+