Hopp til hovedinnhold

Lån og leige av skulelokale

Kvam vgs

Her får de informasjon om vilkåra for å låne/leige skulelokale. De finn også lenke til bestillingsportalen.

Vestland fylkeskommune tilbyr utlån og utleige av lokale ved vidaregåande skular i tråd med ordninga Open skule. Aktivitetar der barn og unge under 20 år utgjer fleirtalet blir prioritert, og kan få gratis utlån innan fastsette rammer. 

Ved bestilling pliktar leigetakar å setje seg inn i gjeldande vilkår og lokal informasjon for skulen. 

Langsiktige avtalar (over 12 månader) skal inngåast av eigedomsavdelinga. Typisk der fylkeskommunen har lengre avtalar med vertskommunar eller idrettslag . Kontakt eDialog - send post på ein sikker måte - Vestland fylkeskommune 

Utleigelokale på skulen:

Utleigelokale på Kvam vgs: https://www.bookup.no/, søk opp skulen og book her. 
Kvam herad administrerer booking for kinoen og biblioteket på ettermiddag og i helgar.

Ansvar ved bruk av lokale

Det skal vere ein vaksen person minst 18 år til stades som har ansvar for lokala i perioden leigetakar nyttar dei. Leigetakar og skulen avtalar om det er tilsynsvakt frå skulen, eller om leigetakar stiller med eigen tilsynsvakt. Leigetakar er ansvarleg for tryggleiken i leigeperioden for at ordensreglar og husreglar blir følgde, og for eventuelle skadar som oppstår i leigetida. Leigetakar er erstatningsansvarleg for skadar på bygg og inventar. Vestland fylkeskommune har ikkje forsikring som dekkjer leigetakar sitt medbrakte utstyr. Leigeavtalen og ansvaret blir stadfesta av leigetakar i bookUp.  

Tilsynsvakt – rolle og oppgåver 

Ein tilsynsvakt er ein vaksen person som har ansvar for tilsyn med lokala medan dei er i bruk ved utlån eller utleige. Tilsynsvakta skal bidra til trygg bruk av bygget og sørgje for at gjeldande reglar blir følgde. 

Tilsynsvakta har mellom anna ansvar for å: 

  • vere til stades under heile leigetida 
  • sjå til at ordensreglar og husreglar blir følgde 
  • bidra til at brannvern- og tryggleiksrutinar blir overhaldne 
  • handtere mindre avvik eller uønskte situasjonar 
  • sjå til at lokala blir forlatne i ryddig og forsvarleg stand 

Ordensreglar  

  • Lokala skal ryddast og forlatast i same stand som ved overtaking. 
  • Søl med vatn, mat eller drikke skal straks tørkast opp. 
  • Fast inventar skal ikkje flyttast eller endrast. 
  • Avfall skal sorterast. Større mengder avfall må leigetakar handtere sjølv. 
  • Skade på hus, inventar, utstyr eller personar skal snarast meldast til utleigar. 
  • Berre deltakarar i arrangementet skal ha tilgang til lokala. 
  • Røyking, alkohol og andre rusmiddel er forbode. 
  • Handtering av farleg materiale er ikkje tillate. 
  • Ansvarleg leigetakar eller tilsynsvakt kan vise bort personar som ikkje følgjer reglane.  
  • Lyd og støy skal haldast på eit nivå som ikkje er til sjenanse for naboar. 
  • Parkering skal berre skje på tilviste plassar. 
  • Nøklar eller adgangskort skal aldri lånast bort til andre 

 

Brannvern og beredskap 

Leigetakar pliktar å setje seg inn i brannvernrutinar og beredskapsplanar som gjeld for lokala. Maksimalt personantal for kvart lokale skal overhaldast strengt i samsvar med brannforskriftene. 

Leigetakarar som nyttar lokale utan tilsynsvakt frå skulen, skal få brannvernopplæring av skulen sitt personale før bruk. Dersom opplæring ikkje er gjennomført, pliktar leigetakar sjølv å gjere seg kjend med rømmingsvegar, kontrollere at dei er frie, vite kor sløkkeutstyr og manuelle meldarar er plassert, og vurdere om deltakarar må informerast om rømming.  

Viktige telefonnummer: 

110 – Brannvesen 

112 – Politi 

113 – Ambulanse 

116 117 – Legevakt  

Branninnstruks - Kvam vgs og kulturhus
Dersom brannalarmen vert utløyst som følgje av ein falsk alarm i samband med arrangement hos utleigar, og leigetakar ikkje kontaktar brannvesenet for å avverje utrykking, vil leigetakar sjølv vere økonomisk ansvarleg for kostnadene knytte til utrykkinga.

Rutinar for lån og leige 

Rutinar for mellom anna overlevering og retur av nøklar, adgang til bygg, låsesystem og eventuell opplæring i bruk av lokale og utstyr. 

Ta kontakt med administrasjonen for utlevering av nøklar og eventuell opplæring i samband med arrangement, anten same dag eller dagen før. Dette skal gjennomførast innanfor skulen si ordinære opningstid. Nøklar og nøkkelkort skal leverast attende snarast mogleg etter bruk.

Bruk av utstyr 

Leigetakar kan berre bruke utstyr som er avtalt på førehand, og pliktar å følgje rettleiing frå skulen. Leigetakar kan nytte gjestenettet (VLFK-Gjest) der dette er tilgjengeleg. Bruken skal skje i samsvar med fylkeskommunale retningslinjer.  

Brot på vilkåra 

Ved manglande rydding, skade eller brot på reglane, kan leigetakar bli fakturert for ekstrautgifter. Gjentakande brot kan føre til utestenging. 

Avbestilling 

Avbestillingsfrist er snarast råd, og seinast dagen før.