Her finn du informasjon om gjennomføring av eksamen ved Kvam vidaregåande skule.
Eksamen
Nokre fag har obligatorisk skriftleg eksamen, medan ein i andre fag kan bli trekt ut til munnleg eksamen. Yrkesfaglege utdanningsprogram kan òg ha tverrfagleg praktisk eksamen.
Praktiske opplysningar
- Våren 2027 skal alle eksamenar, også dei som ikkje er skriftlege, kunngjerast samla tysdag 28. april. Eksamenstrekka blir offentleggjorde kl. 09.00 i IS. Elevane må sjølve logge inn for å sjå kva fag dei er trekte opp i.
- Skriftleg eksamen for vidaregåande skule våren 2027 blir gjennomført i perioden 4. mai til 21. mai 2027.
- Elevane har sjølve ansvar for å skaffe seg den informasjonen dei treng, samt eventuelt lærestoff og lærebøker.
Tilrettelegging
Dersom du har ei funksjonsnedsetjing, sjukdom eller andre særlege behov som fører til vesentlege ulemper samanlikna med andre ved eksamen, kan du søkje om særskild tilrettelegging.
Du kan ikkje få tiltak som gir deg fordelar framfor andre elevar, eller tiltak som er så omfattande at du ikkje vert prøvd i kompetansemåla i faget. Det er heller ikkje mogleg å leggje til rette for å kompensere for manglande kompetanse eller manglande norskkunnskapar.
Søknad skal sendast til rektor i InSchool (IS). Rektor avgjer om og korleis eksamen kan leggjast til rette.
Privatisteksamen
Kvam vidaregåande skule er ein av skulane i Vestland fylkeskommune der du kan ta skriftleg privatisteksamen. Eksamensgjennomføringa går føre seg i lokala i Norheimsund.
Tid og stad for privatisteksamen
Klage på karakter
Framgangsmåte for å klaga på karakter
Administrasjonen
Du finn kontoret mitt i administrasjonsgangen i 2. etasje, på rom 02042. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.
Nina Sandven
administrasjon