Hopp til hovedinnhold

Klage på karakter

Skodde, utsikt til Fyksesundbrua

Med heimel i opplæringslova har du høve til å klaga på karakterar.

Elevar i vidaregåande skule kan klage på alle karakterar som vert førte på vitnemålet, også dersom dei ikkje får standpunktkarakter i eit fag. Du har rett til å få grunngjeving for karakteren før du tek stilling til om du vil klage. Dette gjeld ikkje skriftleg eksamen. Vurder saka nøye og snakk med faglærar før du klagar, då karakteren kan bli både betre eller dårlegare.

Når er klagefristen?

Elevar kan klage på både standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Klagefristen er som hovudregel 10 dagar frå den dagen karakteren vart offentleggjord eller gjort kjend for eleven.

Eleven kan krevje grunngjeving for karakteren før han eller ho tek stilling til om det skal klagast. Retten til grunngjeving gjeld ikkje ved skriftleg eksamen.

Korleis klage?

Eksamenskarakter:
Klage skal sendast skriftleg, med underskrift, til rektor.

Ved skriftleg eksamen treng du ikkje å grunngje klagen. Ved munnleg eksamen skal klagen grunngjevast.

Privatistar:
Skal sende klage til privatistkontoret.

Klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og oppførsel

Rektor

Rektor har kontor i 2. etasje.

Arild Matland

rektor
Arild-Matland.jpg