Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Ønskjer du å snakka med ein vaksen? Har du spørsmål om fysisk og psykisk helse? Små eller store problem? Prat med oss om det som opptek deg. Helsesjukepleiar, lege og psykolog har teieplikt.

Kva kan du ta opp?

Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt. Blant anna:

  • bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
  • hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
  • vanlege plager hos ungdom
  • vanskar med å sove
  • vanskelege tankar
  • prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel

Det blir ikkje ført fråvær når du har time hos helsesyster, psykolog eller lege. Hugs å få med deg dokumentasjon på at du har vore hos skulehelsetenesta.

Helsesjukepleiar

Christel Mo Vik er helsesjukepleiar hos oss. Ho har kontor i Øystese og er til stades på skulen på onsdagar og torsdagar.

Time kan tingast ved å komma innom i trefftida, ved å ringja eller senda SMS til helsesjukepleiar. Time kan også tingast i ekspedisjonen.

Christel Mo Vik

Helsesjukepleiar
Christel Mo Vik med vaksine i handa
Informasjon om skulehelsetenesta

Skulelege

Legen kjem til skulen kvar måndag dersom nokon har bestilt time. Time kan tingast på kontoret på skulen.

 

Administrasjonen

Kontoret finn du i 2. etasje i lokala våre i Øystese. 

Aase Karin Steine Strønen

førstekonsulent
Åse Karin Steine Strønen