Har du ungdomsrett og har søkt om opptak på vigo.no til ein offentleg vidaregåande skule? Då kan du søkja om å få stipend. Du må senda inn søknaden sjølv. Ver merksam på at søknaden din blir ikkje behandla før du har møtt opp på skulen.
- Alle som går på vidaregåande skule har rett på utstyrsstipend. Summen vil variere avhengig av kva utdanningsprogram du skal gå på.
- Har foreldra dine svært låg inntekt, kan du ha rett til meir stipend.
- Hybelbuarar med over 40 km reiseveg, eller reisetid på meir enn 3 timar om dagen, eller andre særlege årsakar til at dei ikkje kan bu heime, har rett på bortebuarstipend.
- Du kan søke om stipend/lån no. Lånekassen behandlar saka så snart du har fått bekrefta skuleplass.
Ta gjerne kontakt med Åse Karin om du treng hjelp eller rettleiing.
Administrasjonen
Kontoret finn du i 2. etasje i lokala våre i Øystese.