Hopp til hovedinnhold

Tryggleik og beredskap

Vinter

Skulen har ein intern beredskapsplan som seier noko om kva me skal gjera om noko skjer.

Tryggleik er viktig del av opplæringa

I kjemirommet møter elevane kjemikal som kan vera farlege. På verkstadane og i praksis jobbar elevane med maskiner og verktøy. Det er viktig å læra å bruka desse på rett måte. 

Skulen gjennomfører brannøvingar der me øver på evakuering. Me har både varsla og ikkje varsla øvingar. Det er viktig at alle elevar veit kvar dei skal gå og at alle tilsette veit kva oppgåve dei har.

Verneombodet følgjer opp arbeidet med tryggleik og beredskap saman med leiinga.