Kvart år arrangerer Kvam vidaregåande skule utveksling av elevar med Montessori Fachoberschule Franken i Nürnberg. Partnarskulen er ein vidaregåande skule med 120 elevar i alderen 16-23 år.
Opphaldet i Tyskland
Har du lyst å bli med til Nürnberg i to veker i november/desember? Du kan søkja dersom du går på vg2 yrkesfag. Programmet vert tilpassa faga til dei som får reisa. Det vert mellom anna besøk i Montessori-grunnskulen, tysk- og engelskundervisning, ekskursjonar, bedriftsbesøk, utandørsaktivitetar og idrett.
Innkvartering
Elevane som deltek bur heime hos kvarandre. Det vil seia at dei elevane som reiser ut, tek imot ein elev som gjest i sin heim. Me prøver å velja ut elevar som kan bu heime hos kvarandre utifrå interesser og praksisplass i Kvam.
Praksisplassar
Me vil ta imot eit tilsvarande tal elevar frå Nürnberg og skaffa praksisplassar til dei i Kvam. Skulen og vertsfamiliane inviterer gjestene på velkomstmiddag og diverse aktivitetar undervegs i opphaldet. Bedrifter og institusjonar som stiller med praksisplassar, i tillegg til oss sjølve, er mellom andre Kvam ungdomsskule, Hardangerfjord hotel, Thon hotel Sandven, Kvam herad og Hardanger Fartøyvernsenter.
Korleis delta
Knut Njaa
Kontaktperson for elevutvekslinga gjennom Erasmus+