Kan du tenkja deg å ta vg2 studiespesialisering i utlandet? Då kan eit år i Missouri i USA, vera noko for deg. Hausten 1998 reiste første gruppa med elevar over Atlanterhavet til St. Paul Lutheran High School. Sidan då har skulen hatt ein klasse i USA kvart år. Det er stor rift om desse skuleplassane.
Me tilbyr vg2 studiespesialiserande i USA. Elevar frå heile fylket kan søkja om skuleplass. Samarbeidsskulen vår er St. Paul Lutheran High School, Concordia, Missouri, USA. Opplegget er ein del av Vestland fylkeskommune sitt tilbod om å ta vg2 i utlandet. Alle som har fullført vg1 studiespesialisering og som er folkeregistrert i fylket kan søkja på tilbodet.
Undervisninga ved skulen i USA vil så langt som råd er følgja norske læreplanar. Elevane vil, når dei vel rett fagkombinasjon, få dei faga dei treng for å få godkjent vitnemål.
Kvam vidaregåande skule har ansvar for elevane og vil følgja dei opp både fagleg og sosialt.
Etter endt skuleår i USA vender elevane attende til heimeskulane sine i fylket og kan gå direkte inn i vg3 Studiespesialiserande utdanningsprogram.
Sain Paul Lutheran High school
Skulen ligg i byen Concordia i staten Missouri, sør-vest frå Chicago. Det er ein kristen skule med tradisjonar tilbake til 1883. Elevmassa er sett saman av lokale studentar og utvekslingsstudentar frå ei rekkje land. Her kan du lese meir om skulen.
The “mission” of Saint Paul is to provide curricular and co-curricular experiences in a Christian environment that equip students for joyful, faithful service to Christ and His world.
Elev i USA



Økonomi
Vg 2 i utlandet gjer dei same rettane som andre utdanningsordningar, mellom anna rett til bortebuar- og reisestipend hos Statens Lånekasse. Dette dekkjer mesteparten av utgiftene til kost, losji og heimreiser.
Du kan lese meir om dette på Lånekassen si nettside.
Innkvartering og opphald
St. Paul Lutheran High School er ein internatskule med om lag 200 elevar frå mange ulike land. Elevane bur på skulen og får alle måltid der. Skulen byggjer på kristne grunnverdiar og har ein del reglar som må følgjast. Elevane vert innkvarterte i tomannsrom, som oftast med ein ikkje-norsk elev. Miljøet er internasjonalt, så du blir kjent med menneske frå mange land og ulike kulturar. Det er forskjellige internat for jenter og gutar.
Besøk
Kvam vidaregåande skule arrangerer kvart år ein tur der familie og vennar kan vitja klassen og vera turistar i USA. Ein lærar frå skulen er med som guide.
Kven passar dette for?
Eit skuleår i USA er krevjande. Du må beherske engelsk godt, ha evne til omstilling til nye forhold og kunne arbeide sjølvstendig og målretta.

Eitt år i USA
Katrina Børve (til høgre) er ei av dei som har teke eitt år som utvekslingsstudent ved Saint Paul Lutheran High School. Les og sjå bilete frå korleis ho opplevde eitt år "over there".
Slik søkjer du
Søk på vigo.no:
- Vg2 studiespesialisering utland, Kvam vidaregåande skule (må vera prioritert som nr. 1)
Send inn tilleggsdokument til skulen:
- Skriv eit essay på omlag ei A4 side om deg sjølv (på engelsk). Fortel gjerne om interessene dine, familien din og kvifor du har lyst til å reisa til USA.
- Send inn kopi av karakterane dine for 1. termin (vg1)
Søknadsfrist er 1. mars.
Det blir gjennomført intervju av aktuelle søkjarar litt seinare på våren.
Endeleg inntak til klassen i USA blir gjort etter individuell vurdering av søkjarane i samband med det ordinære inntaket til vg2 studiespesialiserande utdanningsprogram.
Samson Håland
Assisterande rektor
Avdelingsleiar for
- samfunns - og språkfag
- helsefag og ht-avdelinga
- transport og logistikk
Samson Håland
ass. rektor