Hopp til hovedinnhold
Graduation

Eg (Katrina Børve) gjekk på Saint Paul Lutheran High School skuleåret 2014/2015. Skulen ligg om lag 1 time frå Kansas City, i den vesle byen Concordia med 2500 innbyggjarar. Om du vel eit år på denne skulen, får du ei veldig unik utvekslingsoppleving. Her møter du ikkje berre ein ny kultur, men mange. På skulen er 5 verdsdelar representert, 17 land og 11 av dei amerikanske statane. Skulen har mange elevar som bur på internatet, men også dei som vert kalla ”day students”, som bur heime.

Skulen er liten. Det kan vera ein fordel på mange måtar. Ein vert lettare kjend med dei fleste, og får fort eit bra miljø. Om du (som meg) vil spela sport, men ikkje har særleg gode ferdigheitar, er det lettare å komma med på skulen sine lag i dei forskjellige sportane. Og det å vera med på sport når du er i USA, må verkeleg anbefalast. Du får mykje lettare vener, fysisk aktivitet, og sjølve opplevinga med ”high school sports” er noko ein ikkje kan reisa heim frå USA utan. Skuledagen er elles inndelt slik at du har alle fag kvar dag, og timeplanen vert då lik alle dagar. Dette høyrest nok verre ut enn det faktisk er. Det er i alle høve det eg har erfart. Ein tenker fort at spansk kvar dag høyrest heilt forferdeleg ut, og det er det, men det er ikkje meir forferdeleg enn å ha det dei to dagane her heime i Noreg.

Noko av det som eg trudde kom til å bli det vanskelegaste med å vera borte så lenge, er heimlengsel. Eg trudde det kom til å bli så fælt utover hausten at eg ville lengta etter jul lenge før til og med USA starta julepyntinga. Eg motbeviste meg sjølv, for den einaste samtalen eg hadde med mine foreldre der eg sakna heim, var den fyrste. Etter at det hadde gått nokre veker eller månader tenkte eg at heimlengselen ville starta, men den kom aldri. Eg sakna sjølvsagt familien og venene mine, men eg ønskte aldri å heller vera heime enn i USA. Det som trekk ned skulen, er på mange måtar maten. I Noreg er dei aller fleste godt vane med god og sunn mat til dei fleste måltid. Maten er veldig annleis her. Den smakar for det meste godt, men inneheld mindre av det ein i Noreg ikkje plar å ha så mykje av. Ein positiv ting er likevel at du kvar dag får varm lunsj på skulen. Det er noko eg allereie saknar.

Det som mest skil eit år på utveksling via fylkeskommunen til Saint Paul frå om du reiser med andre organisasjonar, er at dei 24 andre norske du reiser med er vener du får med deg heim att. Det å ikkje måtte forlate alle nye vennskap på andre sida av jorda hjelper veldig, for å reisa frå USA var heilt klart det verste.

Mine norske klassekameratar vart spurd om kva som er det beste med eit år på Saint Paul, og her er svara deira:

  • Dei andre norske på skulen, også kjent som ”norskies”
  • Gratis refills overalt
  • Dormlivet
  •  Folka og samhaldet
  • Roomien min
  • At eg møtte kjærasten min
  • China Dragon (ein restaurant)
  • Å oppleva sportar på skikkeleg amerikansk vis