Hopp til hovedinnhold

Fysikk i Eidfjord

Kvam vgs. sin buss utanfor den nye brannstasjonen i Eidfjord

Fysikk er vitenskapen om korleis universet rundt oss er bygd opp og om kreftene som verker på og mellom alt. På fagdagen har me sett på både mengda krefter som er i sving i eit vasskraftverk og korleis me kan utnytte dei.

Sima vannkraftverk

Sima vannkraftverk

Simadal vannkraftverk er blant Nord-Europas største vasskraftverk og eit flott eksempel på ingeniørkunst. Kraftverket er eit komplisert byggverk med både stasjon, inntak og tunellar. Det knyt saman eit imponerande nedslagsfelt med 61.3 kilometer tunell. Totalinstallert effekt er på heile 1120MW. 

Nybygd brannstasjon

Etter me var på synfaring på Simadal vasskraftverk reiste me ned å såg på den nye brannstasjonen i Eidfjord. Saman med einingsleiar for drift og forvaltning i Eidfjord kommune og brannstasjonssjefen, fekk me sjå på korleis ein i nye bygg kan byggja effektive og fleksible energisystem som skal være med å møta morgondagens energiutfordringar. Me fekk også sjå på utfordringar knytt til bygg som skal tole store krefter som følgje av morgondagens klimaendringar, både med tanke på skred og ekstremvær.