Elevundersøkinga vert gjennomført på skulen veke 45
Elevundersøkinga er ei årleg undersøking som gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skulen, skuleeigaren og dei statlege utdanningsmyndigheitene for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane.
Det er frivillig for elevane å svare på Elevundersøkinga.