Helsearbeidarfaget - Modulstrukturert opplæring for vaksne
Som helsefagarbeidar får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med tett kontakt med menneske i alle aldrar. Hovudoppgåva di er å gi omsorg og utføre grunnleggande sjukepleie for personar med ulike behov, og å bidra til at dei opplever meistring og god livskvalitet i kvardagen.
Som helsefagarbeidar har du ei viktig rolle i helsetenesta, og du kan mellom anna arbeide i sjukeheimar og omsorgssenter, i heimesjukepleia, innan psykisk helsevern og på sjukehus.
Logistikkfaget - Modulstrukturert opplæring for vaksne
Som fagarbeidar i logistikkfaget har du ein variert og praktisk arbeidskvardag med ansvar for vareflyt og effektiv handtering av gods. Hovudoppgåva di er å ta imot, lagre, plukke, pakke og distribuere varer på ein trygg og effektiv måte, i tråd med gjeldande rutinar og regelverk.
I logistikkfaget arbeider du med planlegging, bruk av digitale system, kvalitetssikring og HMS. Du bidreg til at varer kjem fram til rett stad til rett tid, noko som er avgjerande for både handel, industri og offentleg verksemd. Som fagarbeidar i logistikkfaget kan du mellom anna jobbe innan lager og terminalar, transport- og logistikkbedrifter, grossistverksemd, industri og offentlege verksemder.
Modulstrukturert opplæring for vaksne
Opplæringa er hovudsakleg nettbasert, men deltakarane må rekne med nokre fysiske samlingar ved Kvam vidaregåande skule i løpet av skuleåret.
Mange vaksne er allereie i relevant arbeid, og dette kan nyttast som ein del av opplæringa. For deltakarar som ikkje er i arbeid, vil det vere behov for praksisopplæring i ei relevant bedrift. Opplæringa er organisert med om lag 80 % praksis i bedrift og 20 % opplæring på skule.
Frå 01.08.2024 gjeld nye læreplanar for vaksne. Opplæringa er modulstrukturert, og det er fem modular som må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen og vidare ta fagbrev.
Tilbodet er organisert som ein vekslingsmodell, der deltakarane vekslar mellom opplæring på skule og praksis i ei relevant lærebedrift (til dømes sjukeheim eller institusjon). Opplæringa går over fem dagar i veka, med ei veksling mellom teori og praksis.
Slik søkjer du
Du må registrere søknaden via Vigo – opplæring for vaksne.
I søknaden skal du:
-
Velje Firda vidaregåande skule dersom du søkjer helsearbeidarfaget. Fagkode: Helsearbeiderfaget (HSHEA3MV)
-
Velje Flora vidaregåande skule dersom du søkjer logistikkfaget. Fagkode: Logistikkfaget (TPLOG3MV)
-
Skrive i kommentarfeltet at du ønskjer å gå på MVOV ved Kvam vidaregåande skule
Dette er fordi Kvam vidaregåande skule samarbeider med Firda vidaregåande skule og Flora vidaregåande skule om desse opplæringstilboda. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål om søknadsprosessen.
Du kan søke heile året.
Les meir om modulstrukturert opplæring for vaksne her