Hopp til hovedinnhold

Elevutveksling til Tyskland

Bilde av skulen

Kvam vidaregåande skule arrangerer utvekslingsopphald i Tyskland.

Opphaldet i Tyskland

Har du lyst til å reisa til Tyskland? Me tilbyr eit vekelangt opphald med eit variert og fagleg relevant program. Tilbodet gjeld elevar som vel tysk som framandspråk, og det er mogleg å søkja om deltaking.

Vertsfamiliar

Elevane som deltek, bur heime hos kvarandre i samband med utvekslinga. Det inneber at dei elevane som reiser ut, òg tek imot ein elev som gjest i sin eigen heim. Dersom du får høve til å reise, vil du bu hos ein vertsfamilie på reisemålet.

Aktivitetar

Aktivitetar i Tyskland:
Programmet er variert og omfattar mellom anna aktivitetar på skulen, bli-kjend-aktivitetar, ulike utfluktar samt deltaking i kvardagslivet i vertsfamilien. 

Aktivitetar i Noreg:
Vi legg til rette for at dei tyske elevane deltek i utvalde skuletimar, i tillegg til dagsturar og tid saman med vertsfamilien. Det vert òg arrangert nokre felles kveldsaktivitetar. Kvam vidaregåande skule utarbeider ein fritidsplan i samarbeid med elevane og dei føresette.

Kostnadar, helsetrygdekort og pass

  • Eleven må sjølv dekkja lommepengar til personlege utlegg, til dømes mat undervegs. Reise, inkludert fly, dei fleste inngangsbillettar og opphald, vert dekt av skulen.
  • Forsikring: Skulen har reiseforsikring for elevane under opphaldet.
  • Helse: Alle deltakarar må ta med gyldig europeisk helsetrygdkort.
  • Pass: Det er den enkelte sitt ansvar å syta for at passet er gyldig i god tid etter planlagd heimreisedato.

 

Krav: Dei elevane som takkar ja til å reise forpliktar seg til: - bruke eigen reiseforsikring viss ein vert forhindra frå å reise etter at billettane er bekrefta; ta imot ein utvekslingselev i heimen ei veke på våren 2026 såframt det ikkje føreligg spesielle omsyn.

Korleis delta

Søknadsskjemaet vert gjort tilgjengeleg kvar haust.

Knut Njaa

Kontaktperson for elevutvekslinga gjennom Erasmus+

Knut Njaa

adjunkt m/tilleggsutdanning i
Knut.jpg