Har du gjennomført vidaregåande opplæring, men ikkje bestått eitt eller fleire fag? Du kan ha rett til meir opplæring.
Elevar som har fullført vidaregåande opplæring utan å bestå eitt eller fleire fag, kan ha rett til å få tilbod om meir opplæring. Dette gjeld både elevar med ungdomsrett og vaksne med opplæringsrett.
Retten omfattar fag der du har fått karakteren 1 (ikkje bestått), IV (ikkje vurdert), eller har fråver frå eksamen. For å ha rett til meir opplæring må du ha vore aktiv elev fram til 1. mars i inneverande skuleår.
Søknadsfrist
Fristen for å søkje om meir opplæring er 1. juli. Søknader som kjem inn etter fristen, vil berre bli vurderte dersom det er ledig kapasitet ved skulen.