Skulen har fleire tilbod og tenester til deg som elev. Saman gjer me kvarandre gode!

Kantina
Noko å eta? Kantina har lyse og trivelege lokale. Her er det plass til alle, anten du nyt den gode maten som er å få kjøpt eller om du et nista di.

Karriererettleiar
Kva val er dei rette for deg? Karriererettleiaren tilbyr rettleiing knytt til fagval, yrkesval og vidare utdanning.

Miljøkoordinator
Me jobbar for å ha eit trygt og godt miljø på skulen vår. Samarbeid med elevrådet er viktig. Miljøkoorddinator har eit ekstra ansvar for å setja i gong kjekke aktivitetar.

Skulebiblioteket
Les, lån, studer, slapp av og spør! Skulebiblioteket er ope kvar dag.

Skulehelsetenesta
Ønskjer du å snakka med ein vaksen? Har du spørsmål om fysisk og psykisk helse? Små eller store problem? Lege, psykolog og helsesjukepleiar har teieplikt og er her for deg.
