Ønskjer du å snakka med ein vaksen? Har du spørsmål om fysisk og psykisk helse? Små eller store problem? Prat med oss om det som opptek deg. Helsesjukepleiar, lege og psykolog har teieplikt.
Kva kan du ta opp?
Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt. Blant anna:
- bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
- hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
- vanlege plager hos ungdom
- søvn
- vanskelege tankar
- prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel
- det som opptar deg
Det blir ikkje ført fråvær når du har time hos helsesyster, psykolog eller lege. Hugs å få med deg dokumentasjon på at du har vore hos skulehelsetenesta.
Helsesjukepleiar
Christel Mo Vik er helsesjukepleiar ved Kvam vidaregåande skule. Ho er til stades på skulen måndagar frå kl. 10:00 og torsdagar.
Du kan bestilla time ved å møta opp i trefftida, ringja eller senda SMS direkte til helsesjukepleiar.


Skulelege
Ramona Myklebust er skulelegen og er til stades på tysdagar kl. 12.30–14.00. Time kan bestillast gjennom helsesjukepleiar. Du kan også kome innom i dette tidsrommet dersom du ønskjer ein samtale med skulelegen.
