Hopp til hovedinnhold

Korleis bli lærling

Lastebil på bru

Det er vanleg å gå ut i lære for å ta fagbrev etter fullført Vg2 i dei fleste yrkesfaga. Du må sjølv søkje læreplass.

Finn ei godkjent lærebedrift

Kanskje veit du om ein bedrift der du ønsker å søke læreplass?  Handalag opplæringskontor og andre opplæringskontor har meir informasjon om læreplassar i vår region.

Handalag opplæringskontor

Søk læreplass

Det er fleire måter å søke læreplass på. Du kan sjølv oppsøkje bedrifter eller sende ein søknad. Store bedrifter har ofte eigne opptak av nye lærlingar. Uansett kva du vel tilrår me at du søkjer gjennom vigo.no for å sikre at søknaden er registrert hos fylkeskommunen. 

Lærekontrakt

Når du har fått læreplass inngår du ein kontrakt med bedrifta. Då blir du lærling. Bedrifta har ansvar for at du får den opplæringa du treng for å gå opp til fagprøve.

Fag- eller sveineprøva

Lærlingperioden blir vanlegvis avslutta med fag- eller sveineprøva. Den blir laga med utgangspunkt i læreplanen i faget ditt.

Rettar og plikter som lærling

Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har difor rettar knytt til både opplæringslova og arbeidsmiljølova.

Ingen læreplass?

Får du ikkje læreplass vil opplæring i skule vera eit alternativ, anten innan eige fagområde eller påbygg til generell studiekompetanse.