Hopp til hovedinnhold

Avslutningsfest for vg3

Festkledde elevar, Rossvollrussen 2025

Siste skuledag er over for Rossvollrussen 2025. Tusen takk for tre fine år saman med dykk. Me vil ønskja dykk lykke til vidare i livet, de er ein flott gjeng! 

For ein del av dykk inneheldt dagen både munnleg eksamen og avslutningsfest. De er det siste kullet me feirar i festsalen i Øystese. Kom gjerne innom oss på den nye skulen i Norheimsund.

Hannah Lundblad Vestbøstad

Opedalsprisen 2025

Kvart år blir det delt ut ein målpris i målforma nynorsk blant vg3-elevane ved skulen. Prisvinnaren får ei pengegåve på den nette sum av 2500.- frå Halldor O. Opedal sitt fond for ålmennyttige formål. Målprisen vert gjeven til elevar som merkjer seg ut med sikker rettskriving, god målkjensle og klår formuleringsevne ved bruk av nynorsk.

I år gjekk prisen til Hannah Lundblad Vestbøstad. Gratulerer så mykje!