Hopp til hovedinnhold

Beredskapsøving ved Kvam vgs i veke 2

Det er blitt annonsert i media at naudetatane skal gjennomføra beredskapsøving knytt til Kvam vgs onsdag 7. og torsdag 8. januar.

Desse øvingane vil vera på ettermiddag og kveldstid og involverer ikkje elevane ved skulen. Torsdag 8. januar blir likevel skuledagen forkorta og elevane sluttar 11.30 denne dagen. Dette fordi beredskapsavdelinga i Vestland fylkeskommune skal gjennomføra beredskapsøving med personalet ved skulen.