Hopp til hovedinnhold

Offisiell opning og ope hus i veke 5

Fredag 30. januar blir det offisiell opning av Kvam vidaregåande skule og kulturhus.

Den offisielle opninga blir gjennomført som seremoni for inviterte gjester og det er eigedomsavdelinga i Vestland fylkeskommune som er arrangør. Laurdag 31. januar inviterer skulen til ope hus frå klokka 10.00-14.00. Då kan alle som vil koma innom og kikka på det flotte nye bygget og få eit innblikk i kva tilbod Kvam vgs har. Det vil bli høve til å treffa både elevar og tilsette ved skulen.