Har du lyst å bli med på utanlandstur, bli kjent med nye folk og å oppleva korleis det er å vera elev er på ein skule i eit anna land? Dersom du går på studiespesialisering vg1 eller vg2, kan du no søkja om å få delta på gruppereise og hospitering til ein av samarbeidsskulane våre. Merk deg søknadsfristen som er onsdag 24. september.
Utveksling 2025/26, søk no!
Kvam vidaregåande skule inviterer elevar på studiespesialisering på vg1 og vg2 til å søkja om å delta på utveksling i skuleåret 2025/26. Det er mogleg å delta på ei vekes gruppereise eller to vekers hospitering.
Skriv tydeleg i søknaden kva du ønskjer å delta på. Du kan søkja på fleire tilbod, men må rangere ønskja dine. Det er mogleg å delta sjølv om du planlegg USA-opphald i vg2.
Gruppereiser
Tyskland (Tutzing, 26.10.–1.11.2025)
Inntil 10 elevar og to lærarar reiser til Gymnasium Tutzing. Turen er ein del av prosjektet «Ways to wellbeing» i samarbeid med Tyskland og Italia. De bur i vertsfamiliar og deltek i aktivitetar på skulen, i lokalmiljøet og på utflukter.
Spania (dato kjem seinare)
Tilbod til deg som har spansk som framandspråk. De får spanskopplæring, deltek i skuletimar og aktivitetar, og bur i vertsfamiliar. Me reiser med inntil 10 elevar og to lærarar. Programmet vert variert og lagt fram seinare.
Hospitering
Italia eller Austerrike
Her får de høve til å hospitere på ein skule i Senigallia (Italia) eller Bad Radkersburg (Austerrike). De bur i vertsfamiliar og deltek i undervisninga på vertsskulen. Tidsrom vert avtalt i samråd med skulen og den enkelte elev.
Kvam vidaregåande skule får økonomisk støtte til elevutveksling gjennom Erasmus+.