Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velja helse- og oppvekstfag?
Ønskjer du ei utdanning der du kan gjera ein reell forskjell i livet til andre? Vil du arbeida med menneske i ulike livssituasjonar, og få innsikt i helse, omsorg og oppvekst i eit mangfaldig samfunn? Då kan helse- og oppvekstfag vera det rette valet for deg.
På helse- og oppvekstfag får du solid fagleg kompetanse og praktiske ferdigheiter som gjer deg rusta til å arbeida med menneske i alle aldrar og med ulike behov. Utdanninga kombinerer teori og praksis, og gir deg verdifull erfaring gjennom praksisperiodar i mellom anna barnehagar, skular, sjukeheimar, sjukehus og heimetenester.
Helse- og oppvekstfag er eit framtidsretta og samfunnsviktig utdanningsval. Ønskjer du ein meiningsfull og variert kvardag, oppmodar vi deg til å søkja helse- og oppvekstfag.
Me tilbyr:
- Vg1 helse- og oppvekstfag
- Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag
- Vg2 helsearbeidarfag
I Kvam har me eit godt samarbeid med offentlege og private institusjonar. Alle våre elevar får prøva seg i praksis, til dømes i barnehage, skule, helseinstitusjon og andre liknande tilbod. Dette gjev eit godt grunnlag for fagleg utvikling.

YFF - yrkesfagleg fordjuping
I faget yrkesfagleg fordjuping (YFF) er elevane utplasserte i praksis i bedrift.
-
Vg1: Praksis to dagar i veka over ein periode på 10 veker.
-
Vg2: Praksis to dagar i veka i perioden frå veke 42 til og med veke 25.





