Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Tilrettelagt opplæring

Kvardagslivstrening
Skuletilbod for elevar med ulike hjelpebehov. Opplæringa er retta mot å meistre kvardagen og dyktiggjere eleven til eit framtidig tilrettelagt arbeids- eller aktivitetstilbod. Opplæringa legg vekt på at eleven skal verte mest mogleg sjølvstendig i kvardagen, både i arbeid, fritid og bustad.
Arbeidstrening
Skuletilbod til elevar som treng god struktur og ekstra tilrettelegging i skulekvardagen. Opplæringa skal førebu elevane til eit framtidig arbeid gjennom praktisk og teoretisk opplæring. Målet med opplæringa er at eleven skal meistre og kvalifisere seg til eit varig tilrettelagt, eller ordinært arbeid.
Grunnkompetanse
Dette er for elevar med rett til spesialundervisning og som av ulike årsaker har vanskar med å gjennomføre eit ordinært vidaregåande opplæringstilbod. Her er det færre elevar og tettare pedagogisk oppfølging enn i ordinær klasse.
Det blir utarbeidd individuelle opplæringsplanar for kvar enkelt elev, med utgangspunkt i læreplanmåla for det valde programområdet. Enkelte elevar kan oppnå karakterar i alle eller enkelte fag. Hovudmålet for elevane er å oppnå yrkesfagleg grunnkompetanse innan det valde programområdet, som legg til rette for sjølvstendig arbeid anten i ordinært arbeidsliv eller i tilrettelagd verksemd.
Læring gjennom praksis er ein sentral metode, med stor vekt på sosial læring og førebuing til framtidig arbeidsliv. Elevane kan òg få moglegheit til å gjennomføre praksis i arbeidslivet. For nokre elevar kan det vere aktuelt å gå ut i bedrift som lærekandidat, medan andre kan ha moglegheit til å gå vidare til ordinær klasse på VG1 eller VG2.
Ekstra skuleår
Det kan væra ein stor overgang å bu for seg sjølv og å byrja i ein fast jobb. Nokre elevar på tilrettelagt opplæring kan ha behov for ekstra tid til å fullføra måla i individuell opplæringsplan (IOP). Det er mogeleg å søkja om ekstra skuleår i vidaregåande opplæring.

Søknad
Elevar som ønskjer plass med tilrettelagd undervisning, må søkja på særskild grunnlag. Ordninga krev at eleven har enkeltvedtak om spesialundervisning. Søknadsfristen er 1. februar. Rådgjevar på ungdomsskulen hjelper deg med innsøkingsprosessen om du går i 10. klasse no.