Kvam vidaregåande skule arrangerer utvekslingsopphald i Spania.
Opphaldet i Spania
Har du lyst til å reisa til Spania? Me tilbyr eit vekelangt opphald med eit variert og fagleg relevant program. Tilbodet gjeld elevar som vel spansk som framandspråk, og det er mogleg å søkja om deltaking.
Vertsfamiliar
Elevane som deltek i utvekslinga, bur hjå kvarandre i samband med opphaldet. Det inneber at dei elevane som reiser ut, tek imot ein elev som gjest i sin eigen heim. Når du reiser til Spania, bur du hjå ein vertsfamilie.
Aktivitetar
Aktivitetar i Spania:
Programmet er variert og omfattar mellom anna opplæring i spansk og deltaking i aktivitetar på skulen, bli-kjend-aktivitetar i nærområdet til samarbeidsskulen, ulike utflukter samt sosiale aktivitetar i vertsfamilien.
Aktivitetar i Noreg:
Når dei spanske elevane kjem til Noreg, legg Kvam vidaregåande skule til rette for at dei deltek i utvalde skuletimar. Opphaldet vil òg innehalda dagsturar, tid i vertsfamilien og nokre felles kveldsaktivitetar. Skulen utarbeider ein fritidsplan i samarbeid med elevane og dei føresette.
Kostnadar, helsetrygdekort og pass
- Eleven må sjølv dekkja lommepengar til personlege utlegg, til dømes mat undervegs. Reise, inkludert fly, dei fleste inngangsbillettar og opphald, vert dekt av skulen.
- Forsikring: Skulen har reiseforsikring for elevane under opphaldet.
- Helse: Alle deltakarar må ta med gyldig europeisk helsetrygdkort.
- Pass: Det er den enkelte sitt ansvar å syta for at passet er gyldig i god tid etter planlagd heimreisedato.
Krav til deltakarane:
Elevar som takkar ja til deltaking, forpliktar seg til å:
– nytta eiga reiseforsikring dersom dei vert forhindra frå å reisa etter at billettane er stadfesta
– ta imot ein utvekslingselev i heimen i om lag ei veke våren 2026, så langt det ikkje ligg føre særlege omsyn.
Korleis delta
Søknadsskjemaet vert gjort tilgjengeleg kvar haust.
Knut Njaa
Kontaktperson for elevutvekslinga gjennom Erasmus+
Knut Njaa
adjunkt m/tilleggsutdanning i
