Hopp til hovedinnhold

Eksamensgjennomføring

Her finn du informasjon om gjennomføring av eksamen ved Kvam vidaregåande skule.

Eksamen

Nokre fag har obligatorisk skriftleg eksamen, medan ein i andre fag kan bli trekt ut til munnleg eksamen. Yrkesfaglege utdanningsprogram kan òg ha tverrfagleg praktisk eksamen.

Praktiske opplysningar

  • Våren 2026 skal alle eksamenar, også dei som ikkje er skriftlege, kunngjerast samla tysdag 28. april. Dei vert offentleggjorde kl. 09.00 i VIS.
  • Elevane har sjølve ansvar for å skaffe seg den informasjonen dei treng, samt eventuelt lærestoff og lærebøker.

Tilrettelegging

Dersom du har ei funksjonsnedsetjing, sjukdom eller andre særlege behov som fører til vesentlege ulemper samanlikna med andre ved eksamen, kan du søkje om særskild tilrettelegging.

Du kan ikkje få tiltak som gir deg fordelar framfor andre elevar, eller tiltak som er så omfattande at du ikkje vert prøvd i kompetansemåla i faget. Det er heller ikkje mogleg å leggje til rette for å kompensere for manglande kompetanse eller manglande norskkunnskapar.

Søknad skal sendast til rektor i Visma InSchool (VIS). Rektor avgjer om og korleis eksamen kan leggjast til rette.

Privatisteksamen

Kvam vidaregåande skule er ein av skulane i Vestland fylkeskommune der du kan ta skriftleg privatisteksamen. Eksamensgjennomføringa går føre seg i lokala i Norheimsund.

Tid og stad for privatisteksamen

Klage på karakter

Framgangsmåte for å klaga på karakter

Eksamensansvarleg

Har du spørsmål om eksamen, ta kontakt med eksamensansvarleg.

Aase Karin Steine Strønen

førstekonsulent
Åse-karin.jpg