Hopp til hovedinnhold

Fysisk og digitalt billett til skulebussen

Digital bussbillett

Frå skuleåret 2023/24 kan du få digital billett for skuleskyss i Skyssbillett-appen. Løysinga er valfri å bruka. Dei som ønskjer det, får framleis fysiske busskort. Ta vare på det gamle kortet ditt. Du får nytt oblat kvart skuleår.

Korleis aktivera digital billett?

  • Kryss av for at du ønskjer å få billetten på mobil i søknaden om skuleskyss.
  • Register telefonnummeret ditt i søknaden.
  • Sørg for å ha lasta ned Skyss Billett-appen på telefonen din
  • Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgjer i søknaden
  • Når du har registrert at du ønsker skuleskyssbillett på mobil og søknaden er godkjent, vil billetten dukka opp under “mine billetter” i appen på alle skuledagar 
  • Reis som vanleg til og frå skulen, og vis fram skuleskyssbilletten på mobilen ved behov. 

Informasjon om skuleskyss frå Skyss