Hopp til hovedinnhold

Elevundersøkinga 2026

UDIR

I løpet av november gjennomfører Kvam vgs Elevundersøkinga for elevar på alle trinn. Undersøkinga gir elevane høve til å seie si meining om læring, trivsel og læringsmiljø, og er eit viktig verktøy i arbeidet med å utvikle skulen vidare.

Kva er Elevundersøkinga?

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får moglegheit til å dele erfaringar og synspunkt om skulekvardagen. Gjennom undersøkinga får skulen verdifull innsikt i korleis elevane opplever mellom anna undervisninga, det sosiale miljøet, motivasjon, medverknad og trivsel.

Resultata frå undersøkinga er viktige i arbeidet med å skape eit godt læringsmiljø og ein best mogleg skulekvardag for alle elevar.

Anonymitet og personvern

Elevundersøkinga er anonym. Elevane skriv ikkje namn, og det blir ikkje knytt personnummer til svara. Når undersøkinga er gjennomført, blir koplinga mellom påloggingskoden eller lenkja til eleven og svara broten.

Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for at opplysningane blir lagra og behandla på ein trygg og forsvarleg måte. Svara blir lagra så lenge det er nødvendig, og kan mellom anna nyttast til statistikk, forsking og arkivføremål.

Les meir

Du kan lese meir om Elevundersøkinga og kva foreldre og elevar bør vite her:

Kva må foreldre og elevar vite om Elevundersøkinga?