Me vil gratulera Jon Fosse, tidlegare eleven ved Øystese gymnas, med Nobelprisen i litteratur. Dette var stas!

Pris til nynorsken
Utdrag frå pressemeldinga: Jon Fosse seier dette om tildelinga av Nobelprisen i litteratur: - Eg er overvelda, og svært glad og takksam. Eg vel å sjå denne pristildelinga som ei tildeling til den litteraturen som fyrst og sist vil vera litteratur, utan å ta andre omsyn. Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg i sannings namn takka nynorsken for prisen.