Dei som skal ta utdanningar i Noreg, kan sjekke kor mykje dei kan få i lån og stipend hjå Lånekassen.
No kan elevane søkje om stipend og lån
Lånekassen har opna nettsøknaden for studieåret 2024–2025. Elevane som har skuleplass, kan no søkje om stipend og lån på lanekassen.no:
Dei som ikkje har skuleplass, må vente med å søkje til dei har stadfesta opptak.
Elevane kan sjølv sjekke kor mykje dei kan få
Elevane kan få hjelp i søkeprosessen på lanekassen.no utan å logge inn eller sende søknad. Dei kan mellom anna sjekke kor mykje pengar dei kan få frå Lånekassen på denne sida:
Lærlingar
Elevane som skal ut i lære kan også søkje om stipend og lån. Det vanlegaste stipendet lærlingar får, er borteboerstipend.
Lærlingar får utbetalt stipend for 11 månader i året, i motsetning til elevar i vanleg vidaregåande, som får utbetalt stipend for 10 månader.
På denne kan dei sjekke kor mykje pengar dei kan få frå Lånekassen: