I perioden 1. desember 2026 til 29. januar 2027 skal elevar ved Kvam vgs delta i undervisningsevalueringa som blir gjennomført ved vidaregåande skular i Vestland fylke. Målet med evalueringa er å gi lærarar og skular eit godt grunnlag for vidare utvikling av undervisninga og læringsmiljøet.
Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmodar alle elevar til å delta. Svara behandlast konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med fem eller fleire svar.
Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar. Talet avheng av kor mange av eleven sine undervisningsgrupper som blir valde ut til å evaluere. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokre lærarar. Det er skoleadministrator som har bestemt kva grupper som skal evaluerast. Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Vestland fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelte på fem tema: Elevens motivasjon og meistring, Læringsmiljøet i gruppa, Vurderingspraksis, Støtte frå lærar, og Faglege utfordringar og forventingar.
Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Vestland fylkeskommune ved seniorrådgjevar Stig Aasland, Stig.Arne.Vestol.Aasland@vlfk.no
