Hopp til hovedinnhold

Inntak til vidaregåande opplæring

Første inntak til vidaregåande opplæring vert publisert 7. juli. Søkjarane får melding på SMS og må logge inn på Vigo for å sjå resultatet av inntaket og svare på tilbod om skuleplass eller ventelisteplass.

Svarfristen for første inntak er 13. juli. Dersom du ikkje har førehandsvart ja, og heller ikkje svarar innan fristen, mistar du plassen du har fått tilbod om.

Dersom du ikkje får tilbod i første inntak, eller ønskjer å stå på venteliste, kjem det fleire inntaksrundar:

  • 21. juli: Andre inntak vert publisert. Svarfrist er 27. juli.
  • 7. august: Tredje inntak vert publisert. Svarfrist er 14. august.

Alle søkjarar får melding på SMS når det ligg føre eit nytt tilbod, men må sjølve logge inn på Vigo for å sjå og svare på tilbodet.

Etter tredje inntak tek skulane over det vidare inntaket. Dersom det vert ledige plassar, vil skulane kontakte eventuelle søkjarar som står på venteliste.

Har du spørsmål om inntaket, kan du kontakte inntakskontoret på telefon 51 20 71 17 eller e-post: inntak@vlfk.no.

Me ønskjer alle søkjarar lukke til med inntaket og ser fram til å ta imot nye elevar ved Kvam vidaregåande skule til skulestart.

Inntakskalender for skuleåret 2026–2027