Hopp til hovedinnhold

Kvam vidaregåande skule deltek i forskingsprosjektet «Kommunen i bevegelse»

Korleis opplever ungdom aktivitetstilboda i kommunen? Denne hausten deltek Strandebarm skule, Kvam ungdomsskule og Kvam vidaregåande skule i forskingsprosjektet «Kommunen i bevegelse» (KiB), i regi av Norges idrettshøgskole (NIH).

Norges idrettshøgskole (NIH) samlar denne hausten inn data til studien «Kommunen i bevegelse» (KiB). Målet med studien er å dokumentera i kva grad kroppsøvingsfaget, den organiserte idretten i tillegg til andre organiserte og sjølvorganiserte tilbod i norske kommunar vert opplevde som meiningsfulle og nyttige ressursar i alle ungdomar sin oppvekstkvardag. Skular/kommunar som deltek i studien vil få lokalbaserte analysar som viser korleis kroppsøvingsfaget og andre aktivitetstilbod i kommunen «verkar» på ungdomane våre i alderen 12 til 19 år og kva me kan gjera for å utvikla eit tilbod som fremjar fleire og meir robuste unge med lokal identitet. Det er professor Reidar Säfvenbom ved NIH som står bak studien.

Me meiner at dette er eit nyttig prosjekt for skulen vår og kommunen vår og me har bestemt oss for å bidra til datainnsamling ved skulane i Kvam. Sjå lenker til meir informasjon for elevar ( Informasjonsskriv og samtykkeerklææring for elever) og føresette ( Informasjonsskriv og samtykkeerklæring for foresatte) for meir informasjon på bokmål, nynorsk, engelsk og nordsamisk.

Alle elevane vert inviterte til å delta ved å svara på undersøkinga. For å få eit godt bilde på korleis ungdom opplever aktivitetstilbod, er det viktig at så mange elevar som mogleg deltek. Data skal samlast inn gjennom eit digitalt spørjeskjema og datainnsamling vil skje i skuletida, i overgangen mellom september og oktober. Legg merke til at studien krev samtykke frå føresette til elever under 16 år. Skulen vil koma tilbake til innhenting av slike samtykke.

Helsing rektorane ved Strandebarm skule, Kvam ungdomsskule og Kvam vidaregåande skule